Quantcast
Channel: Ølportalen
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1217

Nytt øl fra Ægir

$
0
0

Ægir melder at dei i september kjem med eit nytt øl. Dette er ein stout, på 5,5% og soleis eit poløl. Produktet er døypt «Lir Dry Irish Stout» og utan at vi har sjekka med bryggeriet reknar vi med at namnet spelar på tid som ein del andre øl frå same stad. Om nokon er litt usikre på ordet «lir» kan vi sitere frå ordlista: «om tid: vere komen til eit visst tidspunkt» og av dette får vi det kjende uttrykket «lakkar og lir». Dermed plasserer denne stouten seg både tidsmessig og fargemessig ein stad etter «Skumring» og før «Natt». Når vi er inne på «Natt» kan vi og fortelja at Lynchburg Natt, Ægir sin imperial porter, lagra på Jack Daniels fat, vert tilgjengeleg i Vinmonopolets bestillingsutval no i haust. Vi kan då heller ikkje la vera å nemna at årets haustøl, «Harvest Ale», også vil vere tilgjengeleg på Vinmonopolet i september.

The post Nytt øl fra Ægir appeared first on Ølportalen.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1217